Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Klimagasspotensialet ved lagring av biologisk CO2(screening LCA)

Borregaard ønska å få ei vurdering på korleis det slår ut på klimaregnskapet dersom rein, biologisk CO2gass frå eit fermenteringsanlegg blir samla opp, komprimert og lagra istaden for å sleppast ut. Det er difor gjennomført ei overslagsmessig livsløpsberegning (screening LCA) basert på generelle data, informasjon frå Borregaard/AGA og Østfoldforskning sin prosjektdatabase.

Det analyserte systemet inkluderer tørking, komprimering og kjøling av rein, biologisk CO2 frå eit fermenteringsanlegg, transport med båt (scenario 1) eller bil (scenario 2) til Nord-vestlandet, ytterlegare kompresjon, rørtransport og deponering av CO2 under havbotn. Funksjonell eining i analysen er 1 kg biologisk CO2 ut frå fermenteringsanlegget.

Med dei føresetnadane som er brukt, er klimagasspotensialet for lagring av biologisk CO2 frå fermentering -0,90 kg CO2-ekv/kg CO2 i scenario 1 (båttransport) og -0,86 kg CO2-ekv/kg CO2 i scenario 2 (biltransport). Til samanlikning er klimagasspotensialet for eit system med utslepp av biologisk CO2 til luft 0 kg CO2-ekv/kg CO2. Energibruk til kjøling ved transport frå Sarpsborg til Nord-vestlandet er ikkje inkludert, og dette er antatt å vere den største feilkjelda i analysen.