Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Livsløpsanalyse av cellulose, etanol, lignin og vanillin frå Borregaard, Sarpsborg.

Fase II

Det er gjennomført ein livsløpsanalyse etter krava i ISO 14044/48 av produkta cellulose, etanol (96% og 99%), lignin (flytande og pulver) og vanillin frå Borregaard sine fabrikkar i Sarpsborg. Den funksjonelle eininga har vore 1 tonn produkt for cellulose, lignin og vanillin og 1 m3 produkt for etanol. Analysen er ein vogge-til-port-analyse, som betyr at alle oppstraumsprosessar og prosessane som foregår på Borregaard er inkludert. Sidan analysen stoppar ’ved porten’, er bruk av produkta ikkje inkludert, men for enklare å kunne utarbeide EPD-ar i etterkant av denne analysen, er 100 km transport av ferdig produkt også synleggjort.

Kva for livsløpsfasar som er viktigast varierer mellom dei ulike miljøpåverknadskategoriane. Overgjødslingspotensialet skil seg ut ved at ’Andre interne prosessar ved Borregaard’ (hovudsakleg KOF-utslepp) står for heile 79% - 88% av belastninga. For potensialet for stratosfærisk ozon-nedbryting er det produksjon og transport av energiråvarer (hovudsakleg offshoreaktivitetar) som dominerer, med mellom 67% - 78% av belastninga. For klimaeffektpotensial, forsuringspotensial, potensial for fotokjemisk oksidantdanning og total energibruk er belastninga frå produksjon og transport av råvarer (energiråvarer + tømmer/flis/kjemikaliar) meir lik belastninga frå interne prosessar ved Borregaard (avfallsforbrenning, oljeforbrenning og andre interne prosessar/diverse).
Totalt betyr dette at energi (produksjon og/eller bruk) er viktig når det gjeld dei fleste miljøpåverknadskategoriane for Borregaard sine produkt. For seks av dei sju vurderte miljøpåverknadskategoriane betyr Borregaard sin infrastruktur og transport av ferdig produkt til kunde lite (3% eller mindre).

Redusert energibruk ved Borregaard vil i stor grad kunne påverke alle miljøpåverknadskategoriane positivt, bortsett frå overgjødslingspotensialet, fordi produksjon og bruk av energi står for store delar av belastningane gjennom verdikjeda til Borregaard sine produkt. Ein overgang til større bruk av fornybar energi hos Borregaard (bioenergi, avfallsenergi, opprinnelsesgarantert elektrisitet) vil også gi redusert klimaeffektpotensial og potensial for stratosfærisk ozon-nedbryting, men her er resultata for dei andre miljøpåverknadskategoriane meir uklart.   

Borregaard har også andre utslepp som ikkje er nemnt her fordi dei ikkje påverkar dei valgte miljøpåverknadskategoriane. Dette gjeld spesielt utslepp av kopar, kvikksølv og AUORG (samlepost for arsen, kadmium, kopar og krom) som har toksisk påverknad.

Last ned PDF