Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Miljøarbeid i norske verksemder

Resultat frå spørreundersøking i 198 bedrifter

Strategisk viktige miljøtema
Dei miljøtema som oftast er vurdert som strategisk viktige handlar om opplæring, innkjøp og kommunikasjon (internt og eksternt). Respondentane vurderer nesten alle miljøtema til å bli viktigare i framtida enn dei er no. Store verksemder (> 250 ansatte) er meir opptatt av livsløpsperspektivet ved utvikling av nye produkt enn dei mindre bedriftene. Bedrifter som planlegg innføring av miljøleiingssystem er også meir opptatt av livsløpsanalysar enn verksemder som allerede er miljøsertifiserte eller som ikkje planlegg miljøsertifisering.

Drivkrefter for forbetringar på miljøområdet

Indre faktorar er viktigare enn ytre press for å få til ein systematisk forbetringsinnsats i verksemdene. ”Sammenligning (benchmarking) med tilsvarende bedrifter” er den drivkrafta som går mest fram når ein samanliknar viktige drivkrefter på 1-2 års sikt med 3-5 års sikt.

Barrierer for miljøarbeidet
Dei to viktigaste motkreftene for ein systematisk forbetringsinnsats går på tidsbruk, men også manglande investeringsmidlar, miljøkunnskap og engasjement hos avdelingsleiinga, operatørar og saksbehandlarar kjem høgt opp. Verksemder som har innført miljøleiingssystem krysser i gjennomsnitt av færre motkrefter enn verksemder som ikkje har dette.

Miljøleiingssystem og miljøansvarlege

Verksemder som har innført miljøleiingssystem viser seg i større grad å:

  • vere fornøgd med korleis miljøarbeidet fungerer
  • ha kunnskap om eigne miljøpåverknader
(spesielt administrative/tenesteytande aktivitetar)

enn verksemder utan miljøleiingssystem.
Dei miljøansvarlege føler at dei har god kunnskap om egne miljøpåverknader og prosessar, men slit med å heve kunnskapsnivået internt. Og sjølv om dei er klar over at også administrative og tenesteytande aktivitetar fører til miljøpåverknader, blir dette ikkje prioritert som eit viktig strategisk miljøtema.

Last ned PDF