Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Evaluering av miljø- og ressursforhold ved bygging av Gjenbrukshus i Trondheim

Trondheim kommune har bygd to tilsynelatande ”like” firemannsboligar på Tiller i Trondheim; den eine er imidlertid bygd med ein stor andel gjenbruksmaterial (”Gjenbrukshus”) mens den andre er oppført på vanleg måte (”Nybygg”). Denne rapporten evaluerer prosjektet ut frå ei miljø- og ressursvurdering og med tanke på miljøøkonomi, i eit livsløpsperspektiv (LCA). Sidan det ikkje var avsatt midlar til ei grundig evaluering i denne fasen, er dette ei noko forenkla studie.

Ved samanlikning av dei to boligane har Gjenbrukshuset best resultat for alle dei vurderte miljøpåverknadskategoriane; drivhuseffekt, forsuring, eutrofiering, fotokjemisk oksidantdanning og total energibruk. Det samme gjeld ved vurdering av miljøkostnader.

Gjenbruk av tegl til takstein/teglmur står for størstedelen av miljøgevinsten i Gjenbrukshuset medan gjenbruk av reisverk/kledning bidrar til størsteparten av miljøkostnadsgevinsten.

Samanlikna med Nybygget fører bygging av Gjenbrukshuset til redusert total energibruk tilsvarande over to årsforbruk energi i ei hushaldning. På samme måte reduserer Gjenbrukshuset potensiell drivhuseffekt med i overkant av 3 års bilbruk og potensialet for forsuring med over 30 års bilbruk. Forskjellen i miljøkostnader på dei to husa i oppføringsfasen tilsvarar nesten 10 års bilbruk.

I eit evt. vidare arbeid foreslår STØ at ekstra energiforbruk i samband med selektiv riving blir fordelt på dei ulike komponentane slik at det blir lettare å prioritere komponentar for gjenvinning. STØ tilrår også at spesifikke transportavstander for dei ulike komponentane blir inkludert. Etter ønske frå oppdragsgivar har denne forenkla analysen konsentrert seg om oppføringsfasen. Ein fullstendig analyse av Gjenbrukshuset bør også inkludere driftsfasen sidan erfaring tilseier at driftsfasen er viktig ved vurdering av miljøpåverknader i det totale livsløpet til bustadhus. STØ tilrår også at gjenbrukte material bør dokumentere miljøprofilen sin i form av miljøvaredeklarasjonar (MVD type III).

Last ned PDF