Dei fire publiserte datasetta er for Exilva Forte og Exilva Piano, begge som 2% dispersjon og 10% pasta. 

Datasetta er publisert i databasane The Life Cycle Data Network (LCDN) og i Global LCA data network (GLAD). LCDN fungerer som eit nettverk med uavhengige nodar, og vart oppretta av EU for å legge til rette for deling av LCA-data mellom forskingsinstitutt, konsulentar og industri. Systemet har strenge kvalitetskrav. GLAD-systemet er eit initiativ frå FN sitt miljøprogram. 

Østfoldforskning blir forplikta til å publisere fleire av datasetta sine framover og har, saman med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), etablert NorEnviro senter. NorEnviro har tatt initiativ til å etablere ein nasjonal infrastruktur for forvalting og deling av miljø- og ressursdata for norske forhold. Som ein del av aktivitetane til NorEnviro er det etablert ein node som er knytta til både LCDN and GLAD. Dei fire datasetta for Exilva MFC er lasta opp i denne noden.   

Meir informasjon og nedlasting av livsløpsinventaret finn du her (på engelsk). Lenker til datasetta kan du også finne på Borregaard si Exilva-side.