Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

The 2010 LCA of cellulose, ethanol, lignin and vanillin from Borregaard, Sarpsborg

Østfoldforskning har nyleg laga to nye EPD-ar for etanol (96% og 99%) frå Borregaard. I samband med dette har prosessmodellen for Borregaard sitt bioraffineri vorte oppdatert. Det samme har livsløpsanalysane for hovedprodukta cellulose, lignin, etanol og vanillin.

 Analysen er gjennomført med bruk av livsløpsmetodikk for produkta cellulose, etanol (96% og 99%), lignin (flytande og pulver) og vanillin frå Borregaard sine fabrikkar i Sarpsborg. Den funksjonelle eininga er 1 tonn for cellulose, lignin og vanillin og 1 m3 for etanol. Datagrunnlaget var opprinneleg frå 2007, og det viktigaste datamaterialet er no oppdatert til 2010-data.

 

Frå 2007 til 2010 vart det gjennomført tre store endringar ved Borregaard: 1) eit nytt avfallsforbrenningsanlegg vart tatt i bruk for å redusere oljeforbruket, 2) det aerobe renseanlegget vart stoppa på grunn av legionella-problem og bruken av det anaerobe rensetrinnet vart difor utvida, og 3) forbruk av koparsulfat og utslepp av kopar frå vanillinfabrikken vart redusert ved innføring av ein ny resirkuleringsprosess.

 

Resultata viser at det å redusere energibruken ved Borregaard vil påverke nesten alle miljøpåverknadskategoriane positivt. Unntaket er overgjødsling som er lite påverka av energibruk.

 

Omforming og bruk av energi er kjeldene til flesteparten av miljøpåverknadane langs verdikjeda for Borregaard sine produkt. Ein ytterlegare overgang til meir bruk av fornybar energy (bioenergi, energi frå avfall, elektrisitet med opprinnelsesgaranti), og difor redusert bruk av fossil energi, vil også redusere klimagasspotensialet og potensialet for stratosfærisk ozon-nedbryting. Resultata for dei andre miljøpåverknadskategoriane er likevel vanskeleg å estimere utan å gjennomføre ein analyse av ei slikt utvikling.

 

 

Download PDF